Khrono
07.11.2019
Rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, er redd for at vridinga i merksemd dei siste åra kan ha ført til at viktige problemstillingar for helsesektoren no smyg under radaren i tildeling av forskingsmidlar.
For eit par veker sidan hadde eg gleda av å delta ved Helse Vest sin forskingskonferanse på Solstrand sør for Bergen. Som fersk rektor ved eit universitet som satsar høgt på helse, så tenkte eg det kunne være interessant å nytte høvet til litt fagleg påfyll frå den helsefaglege forskingsfronten, og ikkje minst til å knytte kontaktar mot andre helsefaglege miljø.
Les merSlik eg ser det bør helseforskinga sjåast i eit vidt perspektiv, som ikkje er avgrensa til medisin og teknologi, og heller ikkje til innovasjon og nyskaping i privat sektor. Klaus Mohn Rektor, UiS
Til morgonen på dag to under konferansen fekk me ein presentasjon frå Anne Kjersti Fahlvik, som er områdedirektør for næringsliv og teknologi i Norges Forskningsråd (NFR). Under tittelen 'Forskning, teknologi og innovasjon i helsetjenesten' gjorde ho greie for NFR sitt perspektiv på forsking og nyskaping på helseområdet.
Eit hovudbodskap var at NFR tenker mykje på korleis ein kan skape betre integrasjon mellom ulike fagfelt i tilnærminga til helseforsking. At tverrfagleg