VOLDA: Kunderådgjeverane er bankane sine fotsoldatar i første linje, og arbeidet er regulert av eit omfattande regelverk. Den nye finansavtalelova har medført at dei strenge reglane fekk ei påplussing frå nyttår.
Etter fleire års lovarbeid i storting og regjering, kom endeleg dei nye forskriftene til lova frå Justisdepartementet i fjor.
PLIKT TIL Å AVSLÅ
Finansfokus møter banksjef Mette Ryste ved Sparebanken Møre si avdeling i Volda. Ho fortel at dei med finansavtalelova i hand har måtte avslå fleire lånesøknader alt dei to første vekene på nyåret.
- Ja, det har vi. Det er ikkje alltid draumen og realitetane går hand i hand, og då må vi avslå, seier Ryste.
Det er somme som drøymer litt stort, og då må vi avslå
Mette Ryste, Sparebanken Møre
Tidlegare heldt det med å råde kundar med litt for stram økonomi frå å ta opp nye lån, no er det altså ei lovmessig plikt for rådgjevarane å avslå ein lånesøknad som ikkje held mål.
- Men eg ser også ofte at det gjennom gode samtaler mellom rådgjevarane og kunden, der vi sit i lag og ser på kunden sin økonomiske situasjon, så forstår kunden sjølv at ein kanskje har gått litt for hardt ut. Kanskje ein då kan sikte seg inn på en litt billegare bustad eller eit litt lågare lån til bilen.
STØTTE I ARBEIDET
Den nye finansavtalelova er blitt kritisert som alt for inngripande overfor kunden. Men blant tilsette i bankane blir den også godt motteken, som ekstra støtte for arbeidet. Banksjef Ryste