BUSKAP
26.06.2020
Tre som byggemateriale er klimavennlig, har gode termiske eigenskapar, gir eit veldig godt innemiljø for både dyra og røktar med lite støy.
TEMA: FJØSBYGG OG I-MEK
Då det vart vedtatt å auke tilskotssatsane for å byggje landbruksbygg i tre ønskte Fylkesmannen i Rogaland å mobilisera til ny tenking i næringa på dette med å bruke meir klimavenlege materialar. Ønsket er at det helst skal brukast mest mogleg lokale materialar då det er eit tiltak som gjev kort transport, som igjen gjer det til det mest effektive tiltaket i eit klimaperspektiv. Landbruksbyggja i Rogaland, både nye og gamle, er og har vore dominert av stål og betong over veldig mange år.
For å kunne bryte litt opp i dei etablerte tradisjonane vart eg hyra inn på vegne av Fylkesmannen for å promotera løysningar i tre som eit alternativ til stål og betong. Fylkesmannen ønska å vere tidleg ute med å bringe fram faktakunnskapar til bøndene og samstundes motivera dei lokale leverandørane til ei satsing mot landbruksbygg. Min bakgrunn var at eg skreiv ei masteroppgåve på NMBU med tittelen «Korleis kan bruk av tre i landbruksbygg aukast?»
Fagtur til Jondal
Eit tiltak for å inspirere var å arrangere ein fagtur til Jondal i Hardanger. I Jondal har det vore relativt mykje byggjeaktivitet dei siste åra, og det vart besøkt tre bønder med ganske like planløysingar og fjøs bygd i KL-tre (krysslimt tre /massivtre). Det er det lokale byggjefirmaet Jondal
Gå til medietDå det vart vedtatt å auke tilskotssatsane for å byggje landbruksbygg i tre ønskte Fylkesmannen i Rogaland å mobilisera til ny tenking i næringa på dette med å bruke meir klimavenlege materialar. Ønsket er at det helst skal brukast mest mogleg lokale materialar då det er eit tiltak som gjev kort transport, som igjen gjer det til det mest effektive tiltaket i eit klimaperspektiv. Landbruksbyggja i Rogaland, både nye og gamle, er og har vore dominert av stål og betong over veldig mange år.