BETRE MED REGULERING: Ekstremismeforskar Tore Bjørgo vil heller ha regulering enn forbod mot høyreekstremistiske organisasjonar. I Arendal var også organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) synleg til stades.
Foto: Martin Toft
UNIFORUM PÅ ARENDALSVEKA
Den 9. September er det Riksdagsval i Sverige. Truleg vil Sverigedemokratane få ei endå større gruppe i Riksdagen enn partiet har i dag. Tidlegare blei partiet rekna som ekstremt, men det er lite ekstremt samanlikna med den høgrekstreme organisasjonen Den nordiske motstandsrørelsen (DNM). Organisasjonen har hovudkvarter i Sverige og det er også der den har hatt størst oppslutnad. For rundt eitt år sidan blei organisasjonen forbode i Finland etter ein person døydde etter å ha blitt slått ned av ein av medlemmane til Den nordiske motstandsrørelsen. Ein rapport om høgreekstremisme i Noreg blir publisert seinare i år. Debattleiar Hilde Hartmann Holsten lurte derfor på korleis ekstremismeekspert Tore Bjørgo, menneskerettseksperten Anine Kierulf, nestleiar Ervin Kohn i Antirasistisk senter og stipendiat Kai Spurkland ved Polithøgskulen meiner me bør møta den nye høgreekstremismen.
- Utfordrar og tøyer grensene for eit liberalt demokrati
Ekstremismeforskar Tore Bjørgo frå Senter for forsking på høgreekstremisme (C-Rex), fortalde at «Den nordiske motstandsrørsla» i stor grad dyrkar fyll, rølp og slagsmål. - Men i fjor slo dei også til med ein marsj gjennom Kristiansands hovedgate. Dei utfordrar og tøyer grensene for det som er tillate innanfor eit liberalt demokrati. Dei vil også skremma folk til å teia. Hovudsetet deira er i Sverige og ideologien deira er nasjonalsosialismen, konstaterte han.
Bjørgo viste også til at organisasjonen i I Noreg har rundt 40 medlemmar, medan det i Sverige har vore opptil 500 deltakarar på marsjane deira. Organisasjonen starta som Den svenske motstandsrørelsen. - Grunnen til at gruppa har eit noko meir avgrensa potensial i Noreg enn i Sverige handlar om at nazismen var til stades som i Noreg under Den 2. verdskrigen, understreka Bjørgo. Han trekte også fram at terskelen for å bruka vald er temmeleg låg. - Sjå på det som hende i Finland, der ein motdemonstrant blei sparka ned. Han døydde. Ein mann blei dømt, men fekk pris frå eigen organisasjon. Organisasjonen har fordømt valdelege aksjonar mot ein bokhandel i Sverige, men dei har ikkje tatt avstand frå dei. Dei har også knivkampar med mål om å drepa motstandar