Uniforum
29.09.2020
Tor Egil Førland (60) går frå å vera tilsett instituttleiar ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) til å bli instituttleiar ved probleminstituttet IFIKK. Les kven andre som er tilsette som instituttleiarar.
Det var på fredag fakultetsstyret på Det humanistiske fakultetet (HF) formelt tilsette nye leiarar for seks av dei sju institutta. Det skjedde fem månader etter ei stor felles utlysing.
Les merOversynet som er lagt ut på nettsidene til HF viser altså at veteranen Tor Egil Førland går frå ein instituttleiarjobb til ein annan. Tidlegare har han også vore prodekan på fakultetet. Han har dessutan vore avsvarleg redaktør for Norgeshistorie på nett, som no er blitt til nettstaden norgeshistorie.no
Eit institutt i økonomisk spagat sidan 2018
Den neste store oppgåva hans blir altså å leia Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). Det er eit institutt som har vore i ein økonomisk spagat heilt sidan 2018. Seinast i sommar fekk fa