AddToAny

Tilbyr avlingsregistrering med ny Jaguar

Tilbyr avlingsregistrering med ny Jaguar
VINDAFJORD: Detaljerte opplysningar om grasmengde og tørrstoffinnhald på kvart einaste skifte, kan gi bønder ny kunnskap om korleis dei kan auke gras­avlingane.

På ein teig hausta Harald Velde 17 tonn gras per hektar, på ein annan fire tonn. Ein stad var det 28 prosent tørrstoff som gjekk gjennom stryta på den splitter nye, sjølvgåande finsnittaren, på den neste var det 40 prosent.

Tidlegare har ikkje grasentreprenøren hatt all verdens informasjon å tilby bøndene om fôret han har hausta og lagt i siloen, utover eit gjennomsnitt som fortel avling per hektar og tørrstoffprosent. Nå kan han skrive ut detaljerte fargekart i fleire lag, som viser variasjonane i kvar enga kastar mest av seg. Avlingsregistreringa blir gjort med teknologien som Claas har kalla Quantimeter.

- Det er stor forskjell i vekt om tørrstoffprosenten er 28 eller 40, så ein skal ikkje la seg lure, seier Harald.

LØFTAR SEG TIL NYTT NIVÅ

Det er ikkje eit enormt mas frå kundar, eller stor konkurranse frå andre grasentreprenørar i om­- rådet, som gjer at Tempo Gras har investert i ein splitter ny Claas Jaguar 850, og løftar kunnskap om avling og innsats opp til eit nytt nivå. Førebels har dei berre to kundar som har tatt i bruk Logmaster. Programmet er utvikla av det svenske firmaet Dataväxt, der Felleskjøpet Agri er deleigar, og det er gjennom eit prosjekt Felleskjøpet køyrer, at begge kundane til Tempo Gras har tatt i bruk systemet. Den eine kunden er Matskor Samdrift i Etne, der Øystein Matre er deltakar. Han er også medeigar i Tempo Gras, saman med brørne Harald og Asbjørn Velde.

-

Gå til mediet

Flere saker fra Norsk Landbruk

Til tross for at det er et overordnet mål å øke andelen norskprodusert hvete i det norske melet, er hvete også en attraktiv råvare i
Norsk Landbruk 16.05.2024
Etter at melkebonde Geir Jone Pollestad begynte å gjødsle med slange for tre-fire år siden, har avlinga økt med opp mot 25 prosent.
Norsk Landbruk 16.05.2024
Den nye lasteren tar over etter utgående Q98 og passer til traktorer med 250 hestekrefter eller mer.
Norsk Landbruk 16.05.2024
LIER: Gilhus gård i Lier har lenge vært den eneste i Norge som har produsert grønnsaken brokkolini. Bama har slitt med å etterkomme folks behov - selv med import.
Norsk Landbruk 16.05.2024
Hvis ikke traktoren er større enn fjøset, er det ikke en traktor. (Foto: @farm_johndeere_ 9r_490)
Norsk Landbruk 16.05.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt