- Det vert mykje forsking for desse pengane, smiler Nisancioglu forsiktig.
Fekk EU-midlar
Han veit at det ikkje er ei sjølvfølge å nå opp i konkurransen.
- Dette prosjektet har eg søkt om i toppforsk-kategorien tidlegare, faktisk begynte eg å arbeida med dette for ti år sidan, fortel Nisancioglu.
I mellomtida har han fått pengar frå EU sitt forskingsråd ERC, men dei midlane var oppbrukt for to år sidan. No utvikla han det ti år gamle prosjektet - og fekk pengar.
- Det er frustrerande å vita at ti prosent når gjennom. I ERC var det tre prosent då eg kom gjennom. Det svir å vita at nålauga er så trangt, seier Nisancioglu.
Han omtalar seg sjølv som ein etterkvart vaksen forskar, og seier at han ser at han ser at han får tilslag oftare enn før.
- Slik sett er det ein nyttig prosess. Ein må vera sta, og ha pågangsmot.
Vurderer å berre forska åleine
Dette, NFRs utlysninger av forskningsmidler, bruker norske forskere veldig mange månedsverk på å prøve å få. Tipper at det var mer enn 1000 støtteverdige prosjekt i denne bunken. Demotiverende pic.twitter.com/69V3CFzb6J
- Anne Gjelsvik (@AnneGjelsvik) June 24, 2021
Forskingsrådet (NFR) si tildeling av midlar like før jul i fjor, fekk mykje kritikk. Fleire forskarar var frustrerte over tilbakemeldingar dei meinte ikkje var gode nok. Også no er det frustrasjon å finna.
I Trondheim sit Anne Gjelsvik, professor i filmvitskap, og lurer på om ho skal søkja fleire gong