Studentane på Det odontologiske fakultetet hospiterer i tillegg på tannklinikken til den offentlege tannhelsetenesta på St. Hanshaugen omsorgsenter. - Denne praksisen er heilt naudsynt for at framtidas tannlegar skal bli betre rusta til å møta utfordringane framover når det gjeld denne gruppa, seier førsteamanuensis Lene Hystad Hove,som er fagansvarleg for undervisning i munnhelse hos eldre.
- Oral helse blant eldre viktigare enn før
Dagens og framtidas studentar på tannlegestudiet ved Det odontologiske fakultetet får praksis i øvingsklinikkane på fakultetet, men fakultetet ynskjer også at dei også får meir undervisning i praksisklinikken på Cathinka Guldberg-senteret like i nabolaget. - I dag har dei aller fleste eldre tennene intakt og nettopp derfor er oral helse hos eldre eit endå viktigare tema enn det som var tilfelle før, fortel Lene Hystad Hove.
Dekan Pål Barkvoll fylgjer opp. - Sjølv om eldre som bur på institusjon eller har heimesjukepleie har krav på gratis tannbehandling, er det altfor få eldre som får den behandlinga dei treng i dag. I gamle dagar hadde mange eldre ikkje tenner i det heile tatt. Den situasjonen er blitt heilt annleis dei siste tiåra, slår han fast.
Vil setja i gang undersøking blant 65-åringar i Oslo
Førebels veit ein for lite om tannhelsa til dei som er over 65 år.
Det ynskjer me å gjera noko med. Derfor