Det seier økonomiprofessor Arnt Ove Hopland.
Fredag skreiv Khrono at det er kome inn eit anonymt varsel mot Forskerforbundet sin hovudtillitsvalte ved Universitetet i Bergen, Steinar Vagstad.
Bakgrunnen for varselet, som no skal handterast av ein ekstern advokat, er eit lesarinnlegg Vagstad skreiv i den mykje omtala tyskarvitssaka. Her gjekk han ut mot studenten, som fortalte si historie i Khrono. Vagstad representerer professoren i saka.
Meiner ein må ta debatten
Hopland understrekar at han, sjølv om han er professor i økonomi i Bergen, ikkje kjenner Steinar Vagstad.
- Då eg las innlegget hans, tenkte eg at han ikkje spara på kruttet. Det var kraftfullt og direkte uttrykt, og eg tenkte at det kunne koma til å verta bråk, seier Hopland.
Men han er svært tydeleg på at han meiner dette ikkje er ei sak der ein skal varsla. Det skriv han òg i ein kommentar til saka.
«Når vi har fått dei tyske bubilturistane trygt i bakspegelen og parkert Herman Hesse i bokhylla igjen bør vi ta ein generell debatt om kva varsling er og kva det skal brukast til», skriv Hopland der.
I varselet, som Khrono har fått tilgang til