Foto: Ola Sæther
No er det 18 år sidan universitetsstyret (Kollegiet) vedtok å setja i verk store delar av tilrådingane i rapporten «En ny formidlingspolitikk for Universitetet i Oslo». I ein artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift konkluderer rektor Svein Stølen og viserektor Åse Gornitzka med at det er på tide med ein ny rapport om formidlingspolitikk og at dei derfor vil utarbeida eit mandat og føreslå for universitetsstyret at det blir sett ned eit utval som kan bidra til arbeidet. Etter deira meining treng me «rett og slett en bredere forståelse av formidling og en ny, omforent formidlingspolitikk.»
Det var også utgangspunktet for debatten om formidling som Nytt Norsk Tidsskrift og redaktør Vidar Enebakk skipa til i Frokostkjelleren i sentrum i går.
- Mangfald og meiningsbryting
Først ut var professor i sakprosa, Johan Tønnesson, som også var sekretær for formidlingsrapporten som vart vedtatt i det dåverande Kollegiet 22. februar 2000.
- Den eksterne representanten Borger A. Lenth foreslo den gongen at målet måtte vera å få inn ein årleg rapport om forskingsformidling ved UiO. Det skjedde aldri, slo han fast. Samtidig tykte han at han såg positive teikn.
- Forskingsrådet har i 2017 etablert eit eige program for forskingskommunikasjon. For meg er det viktig å skilja mellom marknadsføring og formidling. Det er heller ikkje informasjonsarbeid. Forskingsformidling handlar om mangfald og meiningsbryting. Og eg synest


































































































