Foto: Ola Sæther
I sommar har det rast ein hard verbal debatt om dei positive og negative fylgjene av internasjonaliseringa av forsking og høgare utdanning i Noreg. Medan økonomiprofessor Kalle Moene har lovprist internasjonaliseringa sine positive sider både i Uniforum og i Klassekampen, og meiner den fører til betre diskusjonar, nye idear og nye impulsar,er både historieprofessor John Peter Collett og professor i statsvitskap, Øyvind Østerud meir negative.
* Collett understrekar i Morgenbladet at vi så fyller opp med folk som ikke er riktig gode nok til å få jobb på Cambridge og Harvard, men kan få jobb hos oss, det gjør at norske universiteter fort blir hverken fugl eller fisk. Øyvind Østerud fryktar at norske studentar kan mista motivasjonen, dersom berre utanlandske forskarar blir tilsette ved norske universitet. I ein kronikk i Uniforum peikar professor emeritus Sigurd Allern på at det er eit sunt teikn dersom tre av ti ph.d.-kandidatar er utanlandske, men om sju av ti er det, fryktar han at ringverknadene på lengre sikt ka


































































































