VERDIAR: - Me må vera tydelege på verdiar. For meg handlar det om kva eit universitet skal vera. Det skal vera ein god plass å vera. Du skal ha høve til å vera deg sjølv og vera trygg og skal kunna levera det du kan i den akademiske samanhengen, seier UiO-rektor Svein Stølen etter metoo-debatten på universitetet 8. mars.
Foto: Ola Sæther
I debatten hadde Svein Stølen med seg journalist Hanne Østli Jakobsen i Morgenbladet, kjønnsforskar Agnes Bolsø frå NTNU og initiativtakar til metooakademia, Sophia Efstathiou frå NTNU og kjønnsforskar Mari Teigen frå institutt for samfunnsforsking.
- Skal ha leiaropplæring
Etter debatten var UiO-rektor Svein Stølen klar på at universitetet tar alle varsel om trakassering alvorleg. Derfor gjentok han også tiltaka som UiO har lova å gjennomføra.
- Me skal ha leiaropplæring for leiarar på nivå 1, 2 og 3 i fakultetsstrukturen, men også for leiarar i Eigedom, USIT og så vidare. Der har me lagt opp til sju kurs no i vår med 20 til over 50