Khrono
25.09.2023
Universitetet i Stavanger skal vere eit ope, mangfaldig og inkluderande universitet, skriv universitetsleiinga.
Me vil takke tilsette og studentar ved UiS for det opne brevet om likestilling, mangfald og inkludering, og for engasjementet dei viser i saka. Både styret og leiinga ved Universitetet i Stavanger set pris på innspel som bidreg til å drive UiS framover.
Les merUniversitetet i Stavanger skal vere eit ope, mangfaldig og inkluderande universitet. Me har klare målsettingar og fleire tiltak for å nå desse måla i handlingsplanen vår for likestilling og mangfald, som gjeld for perioden 2022-2025.
Det førebyggande arbeidet mot diskriminering gjeld alle diskrimineringsgrunnlag. Som peika på i brevet har UiS gjennom handlingsplan for likestilling og mangfald sett opp følgande målsetting