Med ein million kroner frå Forskingsrådets program BalanseHub skal det gjerast ein innsats for å retta opp ubalansen mellom kvinner og menn i faste vitskaplege stillingar på Psykologisk institutt. Endå éin million går til heile Det samfunnsvitskaplege fakultetet som også har registrert at talet på tilsetjingar av kvinner i faste vitskaplege stillingar har gått ned der dei siste åra. Det går fram av ei melding på nettsidene til Psykologisk institutt og SV-nytt.
Ei avdeling med berre menn som professorar
Det er likevel Psykologisk institutt som har det skeivaste forholdet mellom kjønna i dei faglege stillingane. Ifylgje ein tekst som instituttet har lagt ut på nettsidene sine, sit det no menn i 69 prosent av toppstillingane. Ved Avdeling for klinisk psykologi er kjønnsbalansen best. Der er 43 prosent av professorane m