Uniforum
26.09.2017
- For å styrke rettstryggleiken til studentane, foreslår vi at universitet og høgskolar skal ta ein ekstra runde på karakteren som er gitt, i dei tilhøva kor ein student har fått ein vesentleg endra karakter etter å ha klaga,
seier kunnskapsminister Henrik Asheim.
Les merIKKJE GODE NOK: - Store forskjellar tyder på at rutinane til institusjonane rundt sensur, opplæring av sensorane og utarbeiding av gode sensorrettleiingar ikkje alltid er gode nok, seier Asheim. Kunnskapsdepartementet foreslår difor at utdanningsinstitusjonane skal vurdera karakteren ein gong til.
Foto: TV Høyre
Kunnskapsdepartementet sender i dag ut på høyring eit forslag til endringar i universitet- og høgskolelova. Mange av forslaga er ei oppfølging av Kvalitetsmeldinga. Ei av endringane gjeld saker der spriket mellom sensuren gitt første gong og etter klagebehandlinga er på minst to karakterar.


































































































