Organisasjonssjef Kjetil Hauge seier dette ikkje speglar talet på årsverk, men at det også omfattar tilsette på deltid. I årsrapporten for 2022 går det fram at auken i årsverk er ti, til totalt 374 årsverk. Han forklarar jobbveksten med studentar på deltid i kundesenter og oppfølging av myndigheitskrav.
- Ti er nok eit meir realistisk tal enn 31 når det gjeld talet på årsverk, og alle desse årsverka er knytt til auka bemanning på kontora våra. At vi ifølgje statistikken har auka med 31 tilsette skuldast nok at vi engasjerer studentar på deltid på kundesenteret. Der tek dei seg av spørsmål frå kundane eller avtaler møter. Ein annan faktor er endring av rammevilkår gjennom auka myndigheitskrav, til dømes strengare krav til arbeid mot kvitvasking og anna økonomisk kriminalitet. Dette er ressurskrevjande og vi har tilsett folk for å jobbe med dette, seier Hauge.
KÅRA TIL NOREGS BESTE I FIRE ÅR
Han fortel at kundesenteret til banken er lokalisert til bydelen Spjelkavik i Ålesund. Det har kring 30 årsverk. Sjølv om kontoret på Hellesylt vart lagt ned frå nyttår og eit par kontor vart slegne saman til eitt kontor på Digerneset, er det over tid ikkje store endringar i kontorstrukturen. Dei tilsette på Hellesylt vart overført til kontoret på Stranda, slik at det ikkje var snakk om å kutte stillingar.
- Erfaringa vår er at kundane vil ha faktisk menneske å snakke med. Dei vil ikkje kommunisere med ein chatbot. Difor har vi satsa på å byggje opp eit godt kundesenter, og også på å vere til stades med kontor i heile Møre og Romsdal. Sparebanken Møre er kåra til Noregs beste kundesenter i kategorien bank dei fire siste åra. Vi har eit godt samarbeid med høgskulane i både Ålesund og Molde om å gje studentar praksis. Mellom anna er vi med i TEFT-lab som er eit samarbeid med NTNU. Dette er ein del av samfunnsengasjementet vårt, seier Hauge.
TEFT-lab blir omtalt som eit knutepunkt for forsking og utvikling innan tenesteinnovasjon, entreprenørskap, finans og teknologi.
- Vi brukar absolutt dette samarbeidet med utdanningsinstitusjonane til rekruttering av tilsette. Vi har sju-åtte studentar inne på


































































































