Khrono
15.03.2023
Bergen kommune spanderer to millionar i gåvekort til studentane i byen. Kravet er at dei må bli bergensarar.
- Det er alltid for få bergensarar, men det er fordi vi satsar på kvalitet framfor kvalitet. Derfor har vi latt Oslo bli litt større.
Les merByrådsleiar Rune Bakervik (Ap) fleipar, men med ei kjerne av sanning. Unge menneske under utdanning er attraktive innbyggarar og potensielle skattebetalarar for framtida.
Derfor prøver Bergen kommune seg no med gåvekort for å lokke studentar som er folkeregistrert i andre kommunar til å melde flytting.
To millionar til tusen
To millionar kroner er sett av på budsjettet til gåvekort som kan brukast til å ta for seg av byens tilbod. Det rekk til 1000 av byens 40 000 studentar, som får 2000 kroner kvar til disposisjon. Gåvekorta går til dei første som melder seg inn i Bergen, og som er semesterregistrert frå og med 2023.
Leiar i Velferdstinget Vest, Ida Steinsland Lutro, rosar tiltaket.
- Dette tilta


































































































