TOK IMOT STUDIEBAROMETERET: Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø tok imot Studiebarometeret for 2017. Prorektor ved UiO, Gro Bjørnerud Mo oppfordra alle fag og institusjonar til å dela gode digitale erfaringar med kvarandre.
Foto: Ola Sæther
Dei nye tala frå Studiebarometeret 2017 syner også at digitale verktøy heller i liten grad vert nytta i undervisninga. Men når dei digitale hjelpemidla vert brukte, er studentane nøgde. Det var eitt av hovudfunna som Nasjonal organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) kunne leggja fram då Studiebarometeret for 2017 blei presentert i formiddag.
- Bruken av digitale verktøy har ofte vore avhengig av eldsjeler blant undervisarane. Dette blir for tilfeldig, og i dag har universiteta og høgskulane heilt andre ambisjonar for eigne utdanningar og studentar. Tala frå Studiebarometeret viser at dei likevel heng bakpå med dette arbeidet, sa NOKUT-direktør Terje Mørland, etter at Studiebarometeret var lagt fram.
Les innhaldet i Studiebarometeret 2017
Leiaren for Norsk Studentorganisasjon, Mats Beldo Johansen meinte at det ikkje berre var å setja i gang digitalisering for digitaliseringa si eiga skuld:
- Det er ikkje berre å setja straum på papiret, og så kalla det for digitalisering. Studentane er stort sett nøgde. Lytt til studentane og stel gjerne studentar frå andre fagområde, var oppfordringa frå Mats Beldo Johansen til leiinga for dei norske utdanningsinstitusjonane.
Prorektor Gro Bjørnerud Mo v