Khrono
25.05.2022
«Statsråden har overtala meg og mine medstudentar om at han ikkje er oppteken av verken studentanes meiningar eller sektorens integritet.»
Den 12. mai kom beskjeden om at statsråd Ola Borten Moe kasta styret i Forskingsrådet, og varsla kutt for universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren).
Les merHan skildra uforsvarleg drift av forskingsfinansiering og ein sektor i krise. Det han ignorerer er dei tydelege tilbakemeldingane frå det avgåtte NFR-styret, DFØ og Riksrevisjonen om at finansieringsfloka har ei løysing, utan å kutte i UH-sektorens budsjett.
Det han ignorerer er at det mogleg er han som er krisa i sektoren, ikkje NFR eller institusjonane i sektoren. Det han ignorerer er at med desse kutta vil ein setje i gong ein unødig og kritisk kjedereaksjon for sektoren - hjerneflukt.
Sidan regjeringsskiftet i fjor har Ola Borten Moe vore statsråd for høgare utdanning og forsking. Dette var ei avgjersle han tydeleg ikkje var nøgd med, og om realiteten er annleis er han heller ikkje