AddToAny

Strategi 2030 og klimagassreduksjon skal diskuterast i universitetsstyret

Diskusjonen om Strategi 2030 og reduksjon av klimagassutsleppa til UiO er mellom dei viktigaste sakene som kjem opp på møtet i universitetsstyret 3. desember.
Medan diskusjonen om klimagassutsleppa skal gå føre seg for opne dører, vil drøftinga om Strategi 2030 skje bak stengde dører.

Tidlegare i haust avgjorde UiO-leiinga at det endelege vedtaket om Strategi 2030 skal utsetjast frå 3. desember til februar neste år. Men strategien kjem likevel opp som ei diskusjonssak i seminardelen på møtet i universitetsstyret førstkomande tysdag. Som Uniforum tidlegare har skrive, skal den diskusjonen gå føre seg bak stengde dører. Det einaste som kan endra på det, er at styret sjølv bestemmer seg for likevel å opna dørene.

Høyringsfristen for innspel til utkastet for Strategi 2030 gjekk ut 1. november. Det kom inn over 60 innspel, går det fram av saksdokumenta. Ein gjennomgang som Uniforum har gjort viste at mange ville leggja større vekt på berekraft, klima og utdanning, medan andre ville at livsvitskap skulle få ein endå større plass i strategien. Andre ville at livsvitskap skulle få mindre plass eller gå heilt ut. Dessutan meiner fleire at strategiforslaget manglar eit godt motto, er for lite ambisiøst, samtidig som dei synest språket er for dårleg eller for inkjeseiande.

Internasjonalt leiande i utdanning

Eit anna forslag som går igjen, er at UiO bør forandra ambisjonen om at alle fagområda skal bli leiande i Europa på sitt felt, men heller bør endra det til at dei skal bli internasjonalt leiande og til at fleire av dei skal bli verdsleiande på sitt fagfelt. Fleire peikar også på at UiO no bør satsa på å bli internasjonalt leiande i utdanning, slik UiO til dels har blitt det i forsking i perioden til Strategi 2020.

Vil setja i verk tiltak for å redusera klimagassutsleppa

Møtet i universitetsstyret startar med ei anna diskusjonssak som det også er stor interesse for. Den handlar om klimagassutsleppa til UiO og om kva tiltak UiO planlegg å setja i verk for å få redusert klimagassavtrykket sitt. Etter planen skal den endelege handlingsplanen for å redusera klimagassavtrykket til UiO vedtakast av universitetsstyret på møtet i juni.

I det utkastet til tiltaksplan for klimagassreduksjon som no er klart, finst det fleire konkrete forslag til kva som må til. Innanfor bygg og eigedom og e

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt