AddToAny

Stenseth: - Tilliten mellom forskarane og leiinga kan bli broten

Stenseth: - Tilliten mellom forskarane og leiinga kan bli broten
- Eg er uroa over kva som skjer med tilliten mellom forskarane og leiinga dersom me ikkje snart får venda tilbake til universitetsbygningane utan å gå gjennom eit kontrollregime.
Orda kjem frå biologiprofessor Nils Chr. Stenseth som får støtte frå professor Kristian Gundersen.

Etter innføringa av koronatiltaka har mange forskarar ikkje lenger fått tilgang til kontora sine, heller ikkje dei gongene dei tykkjer dei har hatt gode grunnar til det. Det er rapportane Nils Chr. Stenseth har fått frå andre vitskaplege tilsette på UiO.

Heller pest enn korona

- Det er som om leiinga ikkje lenger har tillit til at me vil overhalda smitteverntiltaka. Det er klart at me vil overhalda dei, ikkje minst fordi dersom ein blir smitta av korona, kan utgangen verta fatal. Eg arbeider jo me pesten, og blei spurt i eit intervju om kva sjukdom eg vil føretrekkja å bli smitta av, pesten eller korona, og då svara eg at eg ville føretrekkja å bli smitta av pesten fordi den kan me behandla om ein kjem seg raskt nok til legen og får rett diagnose, seier Stenseth til Uniforum.

Etter sju veker med stengde universitetsbygningar på grunn av koronakrisa, har både Stenseth og fleire andre forskarar snart fått nok av heimekontor og lengtar tilbake til det vanlege livet på jobben. Etter at både barnehagar og dei yngste skulebarna har fått sleppt inn i bygningane dei held til i, tykkjer biologiprofessor Nils Chr. Stenseth det er meiningslaust at ikkje forskarar kan få gå inn på kontora sine og få gjort både laboratorieforsøk og ting på kontora som er naudsynte for å skriva dei vitskaplege artiklane som universitetet reknar med at dei vil forfatta.

- Meir opptekne av kontroll enn av å visa tillit

- Det er rett nok opna for det, men me må fylla ut fleire skjema kvar gong me skal inn på kontoret og levera dei til leiinga. Det syner at dei er meir opptekne av kontroll enn av å visa tillit til forskarane, konstaterer Stenseth.

Sjølv er han eit fullt arbeidande professor og får høve til å ta turen til kontoret sitt på Institutt for biovitskap når det er nødvendig, gjerne ein av helgedagane.

- Og eg er så heldig at eg berre treng å fylla ut eitt skjema, seier han lettare sarkastisk. Samtidig støttar han strenge smitteverntiltak på Universitetet i Oslo.

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt