Bok og bibliotek
02.03.2022
Kulturministeren vil gå gjennom både strategiar og lover for biblioteka. Men kan ikkje love at det vil følgje pengar med endringane ho gjer.
Det har stått Anette Trettebergstuen på kontordøra i Kulturdepartementet i 87 dagar då Bok og bibliotek får audiens. I det bladet kjem ut, er dei famøse hundre dagane akkurat ved å bli runda. Me fekk femten minuttar til å spørje kulturministeren ut.
Les merKva vil du med biblioteka?
- Eg elskar biblioteka. Eg har eigentleg vakse opp i eitt. Eg blei den eg er ved å vekse opp på Vang bibliotek. Opne bibliotek som er tilgjengelege for alle, er jo sosialdemokratisk kjernepolitikk, seier kulturministeren.
Under arbeid
Og politisk har ho lagt planar for dei, sjølv om makta er noko avgrensa med kommunalt eigde folkebibliotek og universitets- og skulebibliotek under andre departement.
- Mykje er rigga andre stader, men m