AddToAny

Spring, Erlend, spring!

Spring, Erlend, spring!
Erlend Apneseth har alltid hatt ei kjensle av å ha dårleg tid.
Ein ungfole kjem ned den snødekte bakken. Lett i steget. Sol i panna. Det er éin dag til regjeringa skal erklære koronakrise og stengje ned Noreg. Men her i åsane over Ål kan ikkje verda trengje inn.

- Då vi fann denne staden, tenkte vi at her kunne vi vere fornøgd med å bu i telt om vi må, seier Erlend Apneseth og ser ut på det opne landskapet, snøen som ligg mjuk over fjella på andre sida av dalen, den klare himmelen - eit nasjonalromantisk snapshot som skapt for Instagram. Men Erlend har knottetelefon.

Å flytta eit hus frå Jølster til Ål

Ein handverkar trampar inn i underetasjen med store sko. Vi er i eit ambisiøst restaureringsprosjekt av ein gamal gard. Forhåpentleg blir det ferdig før babyen kjem til sommaren.

I lag med kona, folkedansar Margit Myhr, har Erlend flytta eit hus frå Jølster der han kjem frå, til Ål der kona kjem frå. No er dei to lappa saman. Ja, husa altså.

- Det er det huset som sto på nabotomta der eg vaks opp, seier han og peker mot eine enden av gardskonstruksjonen.

- Du er oppteken av arkitektur?

- Nei, eigentleg ikkje i den forstand, seier Erlend med eit skjeivt smil.

- Men eg vaks opp i eit hus som dette, og innser jo at eg held på med akkurat det same som foreldra mine gjorde.

Marte Bjerke

Ein outsidar frå Myanmar

Den prisa og kritikarroste komponisten og hardingfelespelaren har ikkje folkemusikken i DNA-et. Han snubla inn i det via ei asiaprodusert barnefele, brakt i hus av ein far som i mange år var utanlandsfotograf for Bergens Tidende.

- Sjå her, seier Erlend og hektar ei lita fele ned frå veggen.

Han spelar litt, og ja, det let som ei asiafele òg. Kjem du inn i det norske folkemusikkmiljøet med eit instrument frå Myanmar, kjem den opne haldninga til tradisjonen nærast naturleg.

- Eg har nok kjent på ein eigen veg tidleg, sjølv om eg har spelt tradisjonelt lenge, seier han.

- Eg trur eg alltid har følt meg fri frå forventningar. Hardingfele er nok eit instrument det er knytt ein del forventningar til, når det kjem til det tradisjonelle spelet og korleis det skal låte.

- Eg har aldri kjent på det å vere ung og udødeleg

Musikken til Erlend er som landskapet vi ser ut på - open. Den er ein stad du aldri har vore, men som likevel kjennest heime. Norske fjell som stuper ned langs gnissande toglinjer og endar på ei varm slette i Asia ein plass. Eller som Erlend sjølv ville ha formulert det «å få noko heilt oppå fjellet til å funke med nok

Les mer

Flere saker fra Kontekst

Pianolærer Ragnhild Eline Hoen fant ikke læremateriell som passet, og lagde en bok selv.
Kontekst 27.09.2023
For første gang har en tenor vunnet Den norske solistpris.
Kontekst 27.09.2023
Ny Norsk Standard for konsertlokaler er endelig klar etter flere høringsrunder. Med dette er den gamle fra 2014 helt erstattet.
Kontekst 25.09.2023
Trenger du en sparringspartner? published | author Redaksjonen Norsk Tonekunstnersamfund lanserer en mentorordning hvor utøvere innen det klassiske feltet kan ønske seg en mentor blant foreningens medlemmer.
Kontekst 25.09.2023
Tradisjonshåndverkere jubler forsiktig over det regjeringen kaller «et historisk løft». Men blir det utdannet mange nok med kompetansen til å gjennomføre?
Kontekst 25.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt