AddToAny

Smittevernutval gir råd om koronaviruset på odontologi

Smittevernutval gir råd om koronaviruset på odontologi
Det odontologiske fakultetet har oppretta eit mellombels smittevernutval som ein fylgje av utbrotet av koronaviruset i Kina, Sør-Korea og mange andre land.
- Nyleg frårådde me fem tannpleiarstudentar å dra på praksis til Tanzania, seier utvalsleiar Morten Enersen til Uniforum.

To tannlegestudentar frå Universitetet i Oslo får ikkje dra til Sør-Korea for å ha praksis på sjukehus der. Og fem tannpleiarstudentar som etter planen skulle dra til landsbygda i Tanzania for å ha praksis der, har vald å avlysa reisa. Grunnen er det aukande talet av personar som er blitt sjuke av koronaviruset.

Det er dekan Pål Barkvoll ved Det odontologiske fakultetet som etter råd frå det temporære smittevernutvalet legg føringar i arbeidet på fakultetet. Utvalet vert leia av førsteamanuensis i mikrobiologi, Morten Enersen ved Institutt for oral biologi. I utvalet har han også med seg ein kirurg, ein klinikksjef og to spesialsjukepleiarar.

- Det var lett på kort varsel å rå dei fem tannpleiarstudentane frå å ta turen til Tanzania. Med tanke på at tanzanianske studentar i Kina blir oppfordra til å bli verande i Kina på grunn av at helsevesenet er så mykje betre der enn i Tanzania, synest me det var ei lett avgjerd å rå til at dei ikkje burde reisa, seier Morten Enersen til Uniforum.

Etter hans meining er det spesielt viktig at det finst eit smittevernutval på Det odontologiske fakultetet.

- Det er heile tida nær kontakt mellom pasientar, instruktørar, undervisarar og tannlege- og tannpleiarstudentar. Det er alltid fokus på korleis folk kan bli smitta og bli sjuke gjennom dropesmitte. Nettopp derfor er det viktig for oss med retningslinjer, fortel han til Uniforum.

Han viser til at det i 2018 blei etablert tilrådingar for smittevern for klinisk odontologi.

- Likevel har me alltid og i alle år hatt god hygiene på Det odontologiske fakultetet, forsikrar han oss om.

- Samla alt om smittevern i eit dokument

Det var likevel ein gong denne gode rutinen, kom opp til eksamen.

- Me skulle ha ei samkjøring av undervisningsopplegget og rutinar for tre lærestader i odontologi, Oslo, Tromsø og Bergen. Då pei

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt