Diabetesforum
13.09.2022
Kunnskap om korleis skjelettmusklane forbrenn energi kan føra til framtidige legemiddel mot diabetes og fedme.
Det finst ingen legemiddel som er i nærleiken av kombinasjonen av fysisk trening og riktig kosthald i kampen mot fedme og diabetes type 2, seier stipendiat Abel Mengeste frå Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.
Han forskar på korleis energiomsetjinga i cellene i skjelettmusklane skjer.
Skjelettmusklane utgjer 45-55 prosent av kroppsvekta vår, og er det viktigaste organet for energiomsetjing av glukose og feittsyrer. Fedme kjem av at feittstoff hopar seg opp i cellene.
- Når vi trenar, aukar forbrenninga av energi i musklane. Det har vore kjend lenge, men vi kjenner ikkje til detaljane i prosessen. Dersom vi finn ut av det, kan det danna utgangspunkt for legemiddel som etterliknar prosessen, seier han.
- Alle veit at trening er sunt, men me har ikkje detaljert kunnskap om korleis.
VELETABLERT METODE
For å finna ut meir om dette, dyrka Mengeste og kollegaene fram cellemodellar i laboratoriet. Ein cellekultur bestod av muskelceller frå unge, friske menneske, ein annan inneheldt celler frå middelaldrande personar, med ein snittalder på 49 år.
- Vi se
Gå til medietHan forskar på korleis energiomsetjinga i cellene i skjelettmusklane skjer.