Dei løyvingane er UiO-rektor Svein Stølen nøgd med.
- Me er glade for at det er føreslått løyvingar til både nytt vikingtidsmuseum og til Livsvitskapsbygget. Dei er også tydelege på at me må jobba saman for å finna løysingar på bygg for kjemi, farmasi og livsvitskap, og det er ein invitasjon me set stor pris på. For dette er eit bygg som skal sikra oss internasjonal konkurransekraft og sikra oss at me også i framtida kan få nobelprisar, men det skal også gi verdiskaping og arbeidsplassar, understrekar Svein Stølen. Han ser det som svært viktig at dei jobbar vidare med dette konseptet.
- Det ser eg at det er ein invitasjon til, og det er eg svært takksam for, seier han.
- Ein del av planen
Når det gjeld forslaget om å løyva 110 millionar krone