Uniforum
03.07.2023
Det Norske Akademis ordbok har dokumentert 200 000 ord på norsk bokmål. - No vil me gjerne ha tips om innføringsbøker som blir brukte på universitet og høgskular, seier dagleg leiar Carina Nilstun.
I 4. etasje i ein bygard midt i Oslo sentrum sit tre leksikografar og held på med dokumentering av norske ord frå fagbøker. Så langt har dei utvida og oppdatert over 200 000 ord i Det Norske Akademis ordbok.
Les merDagleg leiar Carina Nilstun har merka seg at handlingsplanen for norsk fagspråk i norsk akademia har trekt spesielt fram Det Norske Akademis ordbok saman med Norsk Ordbok og Bokmåls- og nynorskordboka som oppslagsverk over norsk fagspråk.
- Kjører bøker gjennom kjempekorpus med bokmålsord
- No er planen vår å dokumentera fagspråk innanfor kunst, arkitektur og design. Til det prosjektet har me fått støtte frå Eckbos legat. Derfor er me no på jakt etter sentrale norske bøker om det. For oss vil det derfor vera aktuelt å få tilsendt tips om både sentrale norske bøker og innføringsbøker i desse faga frå de


































































































