Bok og bibliotek
12.05.2023
Nasjonalbiblioteket sitt budsjett for 2023 blir styrkt med ti millionar om Stortinget vedtek forslaget til revidert nasjonalbudsjett som blei lagt fram 11. mai.
Nasjonalbiblioteket (NB) får over ni millionar direkte, og ti millionar om ein tek med Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB), som blir ein del av NB frå 1. juli.
Les merI budsjettet for 2023 fekk NB ein kostnadsauke som tilsvarar omtrent tjueto millionar i kutt. Bok & bibliotek har tidelgare skrive om planen som er sett i verk for å gjennomføra desse kutta. Med auken i revidert nasjonalbudsjett er situasjonen kraftig betra, fortel nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Ikkje så ille stilte
- Vi tek desse kutta over to til tre år og har iverksett ein kriseplan for