Uniforum
14.05.2018
Studenthelsetenesta (SiO Helse) kan opna igjen i Kristian Ottosens hus i februar 2019. Det lovar eigedomsdirektør John Skogen ved UiO etter at vedlikehaldsarbeidet til 74 millionar kroner no er sett i gang.
FERDIG TIL JUL: Vedlikehaldet av Kristian Ottosens hus vil vera ferdig til jul. Då kan SiO Helse opna dørene igjen i februar 2019, lovar seniorarkitekt, Leif Haugen, eigedomsdirektør John Skogen og underdirektør Erik Munthe-Kaas ved Universitetet i Oslo.
Les merFoto: Martin Toft
For to år sidan bestemte Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) at Studenthelsetenesta måtte ut av Kristian Ottosens hus. Inneklimaet og lokala var for dårlege. Dermed flytta Studenthelsetenesta frå Blindern og ned til sentrum. Det fekk alarmklokkene til å ringja hos eigedomsdirektør John Skogen og resten av UiO-leiinga.
- Fekk tilslutning frå universitetsstyret
- Studentane må ha eit slikt tilbod på universitetsområdet på Blindern. Og SiO har ein fristasjonsavtale med UiO. Det inneber at dei ikkje betaler leige for bygningane, sidan dei står for studentvelferda. Derfor måtte me bruka dette vindauget til å skaffa pengar til renovering av det 1800 kvadratmeter store arealet


































































































