- Prosjektet vart litt til medan eg gjekk. Eg hadde med meg ei interesse for eigedom og skatt frå masteroppgåva. Då eg skulle ta doktorgrad vart eg kopla med ein rettleiar som har jobba med skatteparadis.
- Kan du i korte trekk fortelja litt om prosjektet?
- Eg har forska på spørsmål knytt til eigedomsmarknader og skatteparadis, og sett på korleis dei vert påverka av at verksemder, personar og investorar som ønskjer å skjula formue eller unngå skatt kjøper eigedom. Det mest omfattande kapitelet i avhandlinga ser på kven som eig eigedom i Dubai. Rettleiaren min hadde fått eit stort datasett via den amerikanske tankesmia Centre for Advanced Defense Studies. Dette var ei oversikt over alle som eig eigedom i Dubai. Dubai er e