Foto: Ola Sæther
Det var i 2013 Anthony D. Barnosky og andre forskarar frå Stanford University publiserte ein vitskapleg artikkel om klimaendringar i Nature. Nokre dagar seinare fekk dei ein telefon frå California-guvernør Jerry Brown. «- Dette er viktige funn, sa han. Om det er så viktig som de seier, kvifor ropar de det ikkje ut frå alle hustaka?» spurde han dei, ifylgje biologiprofessor og tidlegare preses i Vitskapsakademiet, Nils Chr. Stenseth.
- Det er grunnen til at Jerry Brown er på dette møtet i dag. Me har klart å samla forskarar frå vitskapsakademia både i USA, Kina, Tyskland, Storbritannia, Finland og Frankrike. Og i løpet av fredag skal me bli einige om vegen vidare framover, fortalde han.
Noregs miljø- og klimaminister Vidar Helgesen var også svært nøgd med at møtet var kome i stand.
- Dette er svært viktig. Klimaendringane skjer raskt. Det skaper krise i biomangfaldet. Politikarane si oppgåve blir å stimulera til positive endringar, meinte Vidar Helgesen.
Guvernør Jerry Brown i California har klart å få i stand lokale tiltak og initiativ som kan bidra til å løysa utfordingane som klimaendringane fører til. Difor blir delstaten også vist fram som eit døme på kva som kan gjerast også på eit lokalt plan for å se