Khrono
03.02.2017
Likestilling. Universiteta i Bergen og Oslo får ikkje lov av Kunnskapsdepartementet til å kvotere inn gutar: Likestillingslova opnar ikkje for å særbehandle menn på same måte som kvinner.
- Vi må jo forhalde oss til dei lover og reglar som finst i Noreg. Men nei, dette var ikkje i samsvar med det vi ønskte oss, seier instituttleiar Pål Kraft ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo til kifinfo.no.
Les merDei to universiteta spurde i fjor departementet om dei kunne kvotere inn menn på profesjonsstudiet i psykologi, der over 70 prosent av studentane som har blitt tatt opp dei siste åra, er kvinner. Dei høge karakterkrava for å komme inn på studiet gjer at gutane ikkje nåropp, melder På Høyden.
Men i eit rundskriv frå Kunnskapsdepartementet går det fram at det ikkje er høve til å kvotere menn på same måte som kvinner. Den norske likestillingslova er ikkje kjønnsnøytral, men tar særleg sikte på å betre stillingaforkvinner.
Pasientar børfåvelje
- Vi er