- Når vi gjer eit vedtak, har vi bestemt oss for ein struktur som blir gjeldande forframtida.
Det sa styremedlem Trond Ueland på torsdagens HVL -styremøte, skriv På Høyden.
I møtet tok Ueland til orde for å minne styret om at dei no står framfor eit viktig vegval: Uansett om styret vel tre eller fire fakultet, vil dette valet få store følgjer for den faglege profilen vedhøgskulen.
Tre eller firefakultet?
Då Høgskulen på Vestlandet formelt vart opna 1. januar, var den ingen fullend organisasjon som bleipresentert.
Store delar av den nye høgskulen er framleis i bakebollen: Dei nye fakulteta vil truleg ikkje vere på plass før 1. januar2018.
I løpet av våren skal styret gjere vedtak om kor mange fakultet høgskulen skal ha, og kva dei skalinnehalde.
Skal styret velje den tradisjonelle inndelinga etter profesjonar? Eller skal fakultetsinndelinga vere tematisk, og dreie seg om aksar som klima og bærekraft, teknologi og innovasjon og helse ogvelferd?
Vegvala er mange, og får store implikasjonar: Skal ein ha eit eige sjukepleiefakultet? Kvar skal ein plassere økonomi og administrasjon, høyrer det heime på


































































































