Uniforum
10.10.2017
Rektor Svein Stølen og viserektorane Åse Gornitzka og Per Morten Sandset møtte dei tilsette i sentraladministrasjonen i formiddag. - Det pålagde effektiviseringskuttet frå regjeringa er urettferdig, meinte Svein Stølen.
MØTTE LOS-TILSETTE: Rektoratet møtte dei tilsette i LOS, UiO: Leiinga og støtteeiningar i formiddag. Frå venstre rektor Svein Stølen, viserektor Per Morten Sandset og viserektor Åse Gornitzka.
Les merFoto: Martin Toft
Over 300 personar var samla i auditorium 1 i Georg Sverdrups hus då rektoratet med rektor Svein Stølen i brodden presenterte seg for dei som arbeider i Sentraladministrasjonen, i dag under namnet UiO: Leiinga og støtteeiningar (LOS). Bortsett frå prorektor Gro Bjørnerud Mo, var heile rektoratet på plass.
Rektor Svein Stølen var opptatt av å visa kva rektoratet hadde vore med på så langt, sidan dei inntok makta sine korridorar i Lucy Smiths hus den 1. august.
- Akkurat no har me


































































































