Khrono
04.12.2019
Høgskulestyret i Volda avviste i førre møte klagen frå dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. No tilrår høgskuleleiinga at styret avviser ei ny klage frå dekanen.
I førre styremøte avviste høgskulestyret ved Høgskulen i Volda klagen frå Audhild Gregoriusdotter Rotevatnpå formelt grunnlag. Ho er dekan ved Avdeling for mediefag, men vart i august omplassert etter ei arbeidsmiljøsak. Avdelinga ho leiar skåra dårlegare enn resten av høgskulen i ei arbeidsmiljøundersøking, det skal òg vera personkonflikter ved avdelinga.
Les merStyret vedtok i oktobermøtet at dei ikkje ville realitetshandsama klagen, fordi det ikkje var fatta eit enkeltvedtak som kan klagast på.
No har Rotevatn klaga på avvisinga. Den står på sakskartet til torsdagens styremøte. Khrono har bede om innsyn i saka, som er merka med unntatt offentlegheit, og fått delvis innsyn. Der heiter det at høgskuleleiinga tilrår at styret stadfestar vedtaket frå førre møte. Det betyr at saka skal avgje


































































































