AddToAny

Rektor blir med på lesedugnad for sanningskommisjon

- Det hadde vore veldig ille dersom ein no skulle driva med ei slags sjølvpisking utan å tenkja på kva ein skal gjera framover, seier UiT-rektor Dag Rune Olsen.
Når heile rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen torsdag 1. juni vert lesen opp på Nationaltheateret, er fem representantar frå UiT Noregs arktiske universitet blant dei som skal lesa. Ein av dei er rektor Dag Rune Olsen.

- Me får ikkje teksten før Stortinget har fått rapporten. Eg skal lesa i 17-tida på ettermiddagen, så eg får litt tid til å førebu meg. Det me som skal lesa må fokusera på, er å vera så proffe opplesarar som mogleg, og halda den tidsramma me har fått. Så får me fordøya innhaldet etterpå, seier Olsen.

Det var i 2018 Sannings- og forsoningskommisjonen vart oppnemnd. Sidan den gong har kommisjonen, leia av tidlegare KrF-leiar Dagfinn Høybråten, granska konsekvensane av fornorskingspolitikken og urett overfor samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. Dette er mellom anna gjort ved å invitera berørte grupper til opne møte og å samla inn personlege historier.

Når rapporten no vert offentleggjort, skal heile teksten på 700 sider lesast høgt. Det er teatersjef ved Det kvenske teateret, Frank Jørstad, som er initiativtakar. Han sa nyleg til Bergens Tidende at målet er at heile Noreg skal lesa rapporten, og difor vil rapporten verta lesen høgt. 35 timar vil det ta, og hundre menneske skal dela på oppgåva.

Lytta, så analysera

- Det har vorte forska for lite på fornorskinga, sa Liv Inger Somby nyleg til Khrono.

Somby er påtroppande rektor ved Samisk Høgskole, og sjølv medlem av kommisjonen. Ho sa òg at det er eit stort arbeid som står igjen for å undersøka uretten som er gjort, og mange spørsmål som manglar skikkelege svar.

- Kvifor skjedde det? Korleis kunne fornorskinga gå så langt som ho gjorde? Kva har dette gjort med helse? Med

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt