Uniforum
06.05.2020
Regjeringa aukar talet på studieplassar med 4000. Det melder Aftenposten som viser til ein lekkasje frå innhaldet i revidert nasjonalbudsjett.
UiO-rektor Svein Stølen er vonbroten over at det ikkje blir fleire studieplassar i humaniora og samfunnsvitskap.
Les merDå fristen for å søkja om studieplass på høgare utdanning hadde gått ut før 16. april, viste det seg at 150 784 personar hadde søkt opptak. Det var over 12 000 fleire enn i fjor. Dermed blir konkurransen om kvar studieplass også endå høgare.
Det er grunnen til at forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og regjeringa i revidert nasjonalbudsjett vil setja av pengar til ein auke i talet på studieplassar på 4000 i høgare utdanning og 1000 i yrkesfag, ifylgje Aftenposten. På grunn av koronakrisa kan mange mista jobben, og derfor vil dei søkja seg inn på høgare utdanning.
500 millionar kroner
- Det er viktig å få fleire i utdannin