SYNLEGE ANSIKT: - Det er avgjerande å kunna sjå ansikta til kvarandre i ein undervisningssituasjon. Det er også grunnen til at me har snevra inn regelverket til å gjelda berre undervisning, seier statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø.
Foto: Ola Sæther
Forbodet skal kun gjelda når undervisninga går føre seg. Forbodet vil gjelda for elevar, studentar og tilsette ved utdanningsstader i privat og offentleg sektor. Døme på det er
skulefritidsordning, leksehjelp og opplæring utanfor lærestadene, som til dømes skuleturar. På universiteta og høgskulane vil ikkje forbodet omfatta sjølvstudium i lesesalen.
Definisjon av ansiktsdekkjande plagg: Det er til dømes finlandshette og nikab. Forbodet gjeld ikkje hovudplagg som hijab og huer. Det blir unntak for plagg som blir brukte av omsyn til pedagogiske, helsemessige, klimatiske, eller tryggingsforhold, som til dømes verneutstyr.(Kjelde:Kunnskapsdepartementet)
Det opphavlege framlegget som blei presentert 12. juni i fjor, gjekk ut på at forbodet skulle gjelda på heile området til utdanningsinstitusjonen, og i heile arbeidstida.
* Les i Uniforum: Regjeringen vil forby ansiktsdekkende pl