Statsminister Jonas Gahr Støre kom med budsjettlekkasjen på ein pressekonferanse på Scene HumSam i Universitetsbiblioteket på Universitetet i Oslo i formiddag. Med på laget var også forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch. Begge kunngjorde at milliardtildelinga skal administrerast av Forskingsrådet.
- Kunstig intelligens trengjer seg fram alle stader
Statsminister Støre understrekar i eit intervju med Uniforum kor viktig det er å bruka pengar på forsking på kunstig intelligens.
- Dette er eitt av vår tids store tema. Kunstig intelligens trengjer seg fram alle stader. Me kan få tilgang til kunnskap og koplingar som me nesten ikkje kunne drøyma om. Kva blir konsekvnensen av dette og korleis kan me bruka det på ein trygg måte? Dette er spørsmål alle moderne samfunn må stilla. Noreg er eit av verdas mest digitaliserte samfunn, og derfor må me vera i front også på kunnskapssida, seier Jonas Gahr Støre til Uniforum.
Han peikar på at milliarden til Forskingsrådet ikkje berre skal gå til teknologi og utstyr.
- Det skal også sjåast på jus, etikk og personvern som er viktig for at me skal kunna bruka teknologien trygt, konstaterer han.
- Det var naturleg å leggja det hit
- NTNU i Trondheim er jo også sentral når det gjeld forsking på kunstig intelligens.. Kvifor valde de likevel å leggja pressekonferansen til Universitetet i Oslo?
- Det er eit stort universitet som har ei brei forskingsverksemd. Sandra og eg var på NTNU for tre veker sidan, og me var i Bergen for to veker sidan, så det er flott å kunna vera ru