Arne Sandnes har vore Sp-ordførar i Norddal kommune i 18 år, fram til 2019. I den siste perioden han sat som ordførar, fekk Sp over halvparten av stemmene i kommunen. Men om ikkje Sp no endrar politikk, vurderer han sterkt å stemme på SV til hausten.
Sandnes reagerte sterkt på at Senterpartiet i stortingsdebatten om jordbruksoppgjeret den 16. juni, ikkje var villig til å tidfeste når inntektsgapet mot andre yrkesgrupper skal vere lukka.
- Dette er for meg, og mange andre, komplett uforståeleg med bakgrunn i vår vurdering av kor alvorleg situasjonen er for framtida for modernæringa. Det kan berre tolkast slik at leiinga i Sp sentralt ikkje ser på dette som ei hastesak, sjølv om snart «heile Norge», med 300 ordførarar og «bondeopprøret» i spissen, krev handling straks, skriv han i eit brev s