Khrono
04.08.2020
- Dette var min sjanse til å gå med kappe, seier Ragnhild Iveranna Hogstad Jordahl. Ho er skuffa over at doktorgradspromosjonen i aulaen er avlyst.
I vår avslutta Ragnhild Iveranna Hogstad Jordahl doktorgradsarbeidet sitt i filosofi med ein digital disputas. Universitetet i Bergen, som ho disputerte ved, plar ha ein høgtideleg doktorpromosjon tre gongar i året. Men då Jordahl i juli fekk invitasjon til promosjonen for dei som disputerte i vår, viser det seg at arrangementet vil vere digitalt.
Les merUiB holder fast ved at doktorpromosjonen nå i august blir avviklet digitalt.
Dvs at vi som satt alene hjemme hos oss selv og disputerte også skal få sitte hjemme hos oss selv og bli promotert. Ingen kapper, ingen stas, ingenting.
Jeg er helt utrolig skuffet.
- ð3ïâð Dr. Prinsesse Soda ð3ïâð (@sodafountainrag) July 30, 2020
- På grunn av smitteverntiltaka kan me dessverre ikkje invitera dykk til aulaen, heiter det, og dei som skulle kunne samla nokre av sine næraste i aulaen, vert i staden oppmoda til å laga mindre arrangement heime i si eiga stove.
Far (87) får ikkje koma
- Dette var min sjanse til å gå i kappe, seier Jordahl tørt.
- Eg synest ikkje dette reflekterer kor stort det er å ha oppnå