7. februar går høyringsfristen ut på ein rapport om særfinansiering av utsette humaniorafag frå Kunnskapsdepartementet. Det handlar om kva for små humaniorafag som kan kallast utsette, og om kva for samfunnsbehov som kan legitimere dei. Dessverre leverer ikkje denne rapporten svar på desse to spørsmåla.
På bakgrunn av nokre kontroversielle nedleggingssaker, for eksempel flyttinga av dei norske språksamlingane til Universitetet i Bergen med ei særfinansieringsordning i botnen, er vi fleire som hadde forventningar til denne rapporten. Vi hadde eit håp om at den i litt større breidd skulle diskutere kva for humanistiske småfag som er utsette veduniversiteta, og kva for eksterne grunnar det eventuelt skulle vere for å oppretthalde dei. Og dinest diskutere kva for type særfinansieringsordning som trengst.
Det er ein veikskap at «fag» ikkje er definert i rapporten, men avgrensinga av «utsett» er også merkeleg. Kristin Bakken Administrerande direktør, NIKU
Her skuffar rapporten. I ei tid då fagleg fornying typisk nok føregår ved nytuvikling innafor ramma av dei store tradisjonell faga, burde rapporten ha problematisert fagomgrepet - og halde tunga rett i munnen når ein etterpå diskuterer «småfaga�