Khrono
08.06.2019
Forslaget om nedlegging av studiested Nesna er ein kynisk forretningsidé og kan endre forestillinga om et distribuert utdanningstilbod i Noreg, skriv Pål Hamre.
Solberg-regjeringa sin reformiver har ramma også UH-sektoren, personifisert gjennom tospannet Torbjørn Røe Isaksen og Bjørn Haugstad. Legitimeringa av strukturreforma var vanskeleg å forstå, men omgrep som «konsentrasjon», «kvalitet» og «robust» var hyppig brukte. Det som låg bak, men som aldri blei uttalt, var ei villa sentralisering av høgare utdanning ved å legge ned institusjonar/campusar. Dette kunne regjeringa rimelegvis ikkje gjere sjølv, og dermed overlet dei det til universitetsstyra ved dei samanslåtte institusjonane. Det bør bekymre alle oss som er opptatt av eit distribuert utdanningstilbod.
Les merRapporten om ny studiestadsstruktur ved Nord universitet er forvitneleg lesnad. Den er rimelegvis blotta for historisk refleksjon og ser ut til å meine at høgare utdanning i nord oppstod i 2016. Dei forslitte omgrepa robust, konsentrasjon og kvalitet er hyppig brukte også her, og problemet er, ifølge rapporten, den infrastrukturen for utdanning som er bygd opp over drygt hundre år.
Den faglege argumentasjonen er berre skodebrød i denne prosessen. Det er godt dokumentert at Høgskulen i Nesna før fusjonen var velfungerande, og søkartala til lærarutdanningane er så seint som i år betre enn i Bodø. Det er like godt dokumentert at Nord universitet systematisk har svekka campus Nesna sidan samanslåinga, og at de