I dag brukar Universitetet i Oslo dei digitale læringsplattformene Canvas og Inspera til kommunikasjon med faglærar eller student, oppgåvelevering og til digitale eksamenar. Det finst også andre digitale verktøy som Leganto (UiOs digitale pensum-/litteraturlistesystem for studentar, førelesarar og bibliotekarar), Mine studium, Felles studentsystem og Timeplanlegging med meir. Saman utgjer dei det digitale læringsmiljøet på Universitetet i Oslo. Dei har snart eksistert i åtte år, og no er det på tide å fornya desse plattformene før dei går ut på dato.
- Det er betre læring me må få til
Derfor sette UiO i gang prosjektet Digitalt læringsmiljø 2030. Det er blitt leia av førstelektor Lex Nederbragt på Institutt for biovitskap ved MN-fakultetet. Prosjektet har no langt fram tilrådingane sine til Universitetet i Oslo. I framtida ser dei føre seg meir pedagogiske og mindre tekniske plattformer for det digitale læringsmiljøet på UiO.
- For oss er det viktig at verktøyet blir enkelt pedagogisk og at det blir lett å setja seg inn i det. Det som skjer i dag er at det digitale verktøyet blir eit digitalt verktøy berre for verktøyet og organet si eiga skuld. Det er betre læring me må få til, slår han fast.
I prosjektet han har leia, rår dei Universitetet i Oslo til å ta omsyn til kva verktøy dei kjøper inn og korleis dei brukar det.
- Me må også sjå på korleis dei kan bli ein del av det digitale økosys