Det kan bety at han overser viktige skilnader.
Vibeke Bjarnø er usamd med Rice og forklarer kvifor under innlegget: .. Jeg har lest uttallige sakkyndige vurderinger der professorer og førsteamanuenser er med og vurderer opprykk til førstelektor og dosent, der de ikke evner å se kompetansen ei heller bruke gjeldende kriterier slik de er tiltenkt. De forstår rett og slett ikke (min uth.) hva førstelektor og dosent er sammenligna med førsteamanuensis og professor.
Erik Døving er like klar: Samanslåing av dosent- og professor-løpet trur eg er ein dårleg ide og vil bare skape surr, i praksis trur eg det vil vere det same som nedlegging av dosent-ordninga av 2006. Eg synes vi skal vere ærlege: Styrk dosentordninga eller legg den ned.
Usemja som her kjem til syne dreier seg om noko langt viktigare og meir grunnleggande enn spørsmålet om individuelle karrierevegar. Dette dreier seg om tenkemåtar o