Vil ha kontroll over domstolane
No er regjeringa i gang med også å overta kontrollen over den dømmande makta. 24 av dei 25 medlemane av det nasjonale domstolsrådet (NCJ) er politisk utnemnde av regjeringspartiet. Dei domarane som står bak dommar som regjeringa er ueinig i, blir suspenderte og i nokre tilfelle også suspenderte.
Regjeringa har utnemnt ein eigen disiplinærkomité, The Disciplinary Chamber of the Polish Supreme Court til å suspendera dommarar som ikkje føyer seg etter den rådande oppfatninga til medlemane i Det nasjonale domstolsrådet. Ifylgje Irish Legal News har dei også suspendert 12 dommarar for å ha meldt Polen inn for både Den europeiske menneskerettsdomstolen og for EU-domstolen.
Samla polske dommarar i Oslo
For kort tid sidan møtte fleire av dei på eit seminar i regi av Det juridiske fakultetet på UiO for å diskutera situasjonen til dommarane i Polen, eit land Noreg er alliert med i NATO, og som spelar ei viktig rolle i arbeidet med å støtta Ukraina i krigen mot Russland både humanitært og militært.
Tre av dommarane som har merka regjeringa sin vreide er Joanna Hetnarowicz-Sikora, Maciej Ferek og Bogdan Jedrys. Førstnemnde trekte seg som dommar i Tingretten i Slupsk då lova som fråtok domstolane den frie og uavhengige stillinga deira, blei vedtatt i februar 2020.