Universitet og høgskular har ein lang tradisjon for å vere sjølvstyrte - på godt og vondt. Etter kvart kom det inn styremedlemer utanfrå som supplerte og inspirerte kompetansen i institusjonane. Men Kunnskapsdepartementet er ikkje nøgd med det. Det sitjande regimet synest å meine at fagfolk og leiarar i akademia ikkje skjønar sitt eigebeste.
Departementet vil den tradisjonelle styringsmodellen til livs. Ordninga med at studentar og tilsette vel ein rektor som også er styreleiar, vert no sett som unormal. Regjeringa vil helst ha tilsett rektor og ekstern styreleiar oppnemnd avKunnskapsministeren.
Den nye normalmodellen gjev politisk leiing meir direkte hand på rattet. Og styringsmålet er klart: Institusjonane for høgare utdanning skal verte kunnskapsfabrikkar. Målstyringa frå næringslivet med vekt på kvantitet, samtidsrelevans og profitt skal trumfe akademisk fridom og institusjoneltsjølvstende.
For �


































































































