Foto: Martin Toft
For tre veker sidan fann arkeologar frå Norsk institutt for kulturminneforsking noko som det berre fanst ein ting av frå før i Noreg - ein pavebulle eller eit pavesegl. Men dei kunne ikkje slå fast kva pave pavebullen kom ifrå, før dei hadde undersøkt den nærmare. Difor tok arkeologane ved NIKU pavebullen med til konservatorar ved Kulturhistorisk museum for å kunne identifisera paven bak pavebullen.
Ein pave i strid med keisaren
Det var ein svært nøgd prosjektleiar Egil Lindhart Bauer som i ettermiddag kunna kalla inn pressa til NIKUs lokale i Oslo sentrum for å avsløra opphavsmannen:
- Pavebullen blei sendt av pave Innocens den fjerde. Det klarte me å finna ut ved å lysa gjennom pavebullen og tyda bokstavane og tala. Me fann ut at det stod Innocentius iiii, altså Innocens den fje