Foto: Karolinska Instituttet
Det var i 2016 det blei avslørt at kirurgen Paolo Macchiarini hadde utført fem operasjonar på personar som hadde øydelagde luftrøyr. Han erstatta luftrøyra med sine eigenutvikla luftrøyr i plast. Tre av pasientane døydde etter operasjonen. Dei fem operasjonane som blei etterforska, blei utførte mellom 2011 og 2013.
Fakta om Paolo Macchiarini-saka:
Hausten 2010: Paolo Macchiarini blei tilsett som gjesteprofessor. 2011-2012: Tre pasientar får operert inn kunstige luftrøyr på Karolinska Institutet (KI). I november 2011 publiserer Macchiarini ein artikkel i The Lancet. 2012: Macchiarini blir skulda for økonomisk utpressing av pasientar i Italia. 2012: Den første pasienten som har fått eit syntetisk luftrøyr dør. Den neste døyr i 2014, den tredje er framleis på intensivavdeling. 2013: Macchiarini startar kliniske studiar i Russland, utan først å ha forsøk på dyr. 2014: Ein belgisk forskar rapporterer Macchiarini for å vera ureieleg og for forskningsfusk.
Sommaren 2014: Fire legar ved Karolinska universitetssjukhus leverer to uromeldingar om mistanke om ikkje å ha drive med ærleg vitskapleg spel.
2015
Mars: Etikkrådet ved KI avgjer at dei sakene som den belgiske forskaren melde, er av


































































































