FRAMSTILTE SOM GERILJASOLDATAR: Wendy Hamelink skal forska på kurdiske flyktningkvinner frå Syria i Noreg. - Prosjektet mitt går ut på å finna ut kva dei sjølve tenkjer om at det er blitt teikna eit einsidig bilete av dei i vestleg media, og kva som ligg bak det biletet: kva er livsverda for desse kvinnene og korleis kan dei byggja opp ein ny heim i Noreg?
Foto: Ola Sæther
- Men det finst eit ganske anna bilete bak desse kurdiske kvinnene frå Syria, seier Wendy Hamelink.
Forskaren frå Leiden-universitetet i Nederland og Senter for tverrfagleg kjønnsforsking skal gjera feltarbeidet sitt blant kurdiske kvinner frå Syria som no bur i Noreg. Med eit to år langt stipend frå Marie Sklodowaska-Curie-programmet får postdoktoren i politisk antropologi fullfinansiert forskinga si. Ho er ei av dei seks nye Marie Curie-stipendiatane som kjem til Universitetet i Oslo i løpet av 2017.
Interessa blei vekt i Tyrkia
Wendy Hamelink skal altså sjå nærare p�


































































































